16. juni Folkemusikkdag i Flå


Søndag 16. juni blir det både gudstjeneste med folkemusikkliturgi i Flå kirke, kaffe/kake og konsert i kultursalen etterpå

I forbindelse med gudstjenesten 19. juni vil det være folkemusikk liturgien og med aktørene og kjente musikere som Arne Anderdahl og Jo Asgeir Lie som utøvere. I tillegg vil organist Audun Frode Ringkjøb og Sokneprest Vetle Styve Sæbø delta.

Etter gudstjenesten blir det kirkekfaffe/kirkedans/konsert i kultursalen på Flå skole med Jo Asgeir Lie og Arne Anderdal. Du velger selv om du være med på hele eller deler av denne dagen.  Det er fritt frem. Det er ikke ofte vi har slike arrangement i Flå, så her er det bare å benytte muligheten. Blir garantert en god opplevelse. Arrangementet er gratis.

Konserten er et prosjekt som kjøres i hele Hallingdal. Men i Flå synes vi det var gøy å kunne kombinere det under ønsket om at kirken også skal være en kulturarena:

Dette er bakgrunnen for konseptet:

Runddans (gammaldans) har vore ein underkjend, men likevel svært viktig del av folkemusikken gjennom vel 200 år. Musikken har vore elska av dansarane, spela av både felespelarar og trekkspelarar, og hata av kultureliten i Noreg. Musikken har gått under radaren i forsking og akademia, men samla over 30 000 publikum på Titanofestivalen i si glanstid på 1980- og 90-talet. Særleg innafor hardingfeleområdet har runddansen vore neglisjert og motarbeidd, sjølv om det var eit stort repertoar av runddansslåttar i mange bygdelag.

Det er dette spanande og viktige repertoaret trekkspelar Jo Asgeir Lie og hardingfelespelemann Arne Anderdal har greve i. Målet med denne produksjonen er å setja søkjelyset på runddansmusikken som vart brukt i Hallingdal. Dei har plukka ut eit knippe med valsar, reinlenderar, polkaer og masurkaer, som syner dei fyrste spora av denne musikken i Hallingdal. Desse spora finn ein allereie midt på 1800-talet. Samstundes har ikkje spelemennene vore bevisste kva skatt dei har hatt rundt seg, og Anderdal og Lie har difor gått i lokale bygdearkiv for å finne kjeldematerialet, i tillegg til å ha intervjua fleire gamle kjelder.

Bakgrunnen for prosjektet er at Arne Anderdal i 2012 gjorde ein grundig gjennomgang av alt arkivmateriale knytt til spelemenn frå Hallingdal. Her kom det fram at gjennom 35 spelemenn født frå 1887 til 1956 kan ein knyte over 140 ulike melodiar brukt i Hallingdal. I denne gjennomgangen kan ein knyte runddansmusikk til så å seie alle spelemenn ein veit om i Hallingdal, og vore ein viktig del av repertoaret også blant utøvarar på hardingfele. Sjølv om trekkspelet etter kvart tok over mykje av dansespelet, vart det også vanleg med samspel mellom hardingfele og trekkspel.

I Hallingdal var det spelemenn på hardingfele som i starten utøvde denne musikken til. Når trekkspelet kom for fullt etter 1920 tok det gradvis over som det instrumentet som vart nytta til å spela til dans på. Dette og andre ideologiske tankar gjorde at runddans på hardingfele vart lågare verdsatt fram gjennom 1900-talet. Difor vart runddansrepertoaret knytt til hardingfela meir og meir usynleg, og frå 1970-talet og fram til no har det vorte ei sanning at det er svært lite runddans i hardingfeletradisjonen i Hallingdal. Dette cd-prosjektet er difor svært viktig å få realisert. Produksjonen er med på å setje fokus på denne delen av folkemusikktradisjonen, både lokalt og i nasjonalt perspektiv.

Utvalet av musikk til denne produksjonen vil verta ei blanding av musikk utøvarane har spelt ilag lenge og slåttar henta frå arkivopptaka. Heile dalen frå Flå til Hol, og Gol til Hemsedal vil verta representert og difor er arbeidstittelen på prosjektet 52-7. Tittelen er henta henholdsvis frå riksveg 52 og riksveg 7 som går gjennom Hallingdal og Hemsedal. Her som ei symbolsk ferdsleåre musikken har kome via. Denne utgjevinga dokumenterer difor ein viktig del av utøvartradisjonen i Hallingdal.

Velkommen til dere alle! Arrangementet er gratis

Tilbake