Prestens Penn


Her er siste utgave av prestens penn v/Vetle Styve Sæbø

Prestens penn

 

Har du nokon gong hørt deg sjølv, eller andre seie: «Eg kan ikkje tru på Guds ord, eg klarer det berre ikkje!»?

Nettopp slike utsegn høyrer eg nesten daglig. Og høyrer eg det ikkje frå andre, er det eg sjølv som seier det. For la oss vere ærlige: Det er vanskelig å tru. Nokon gonger er det vanskelegare enn andre. Spesielt når ein ser på nyheiter og ein vert overeksponert for død, elendigheit og eit negativt verdsbilde med dårlige framtidsutsikter.

Pastor i Filadelfiakirken Oslo, Andreas Hegertun spør: «Må man tro at det går bra, for å være optimist? Eller holder det å tro at man dypest sett er trygg, uansett hvordan det måtte gå her og nå?»

Nokon hevder at tru ikkje er noko som krev spesielle evner eller kunnskapar, heller ikkje er trua tildelt berre nokre få spesielt utvalte. Tru er eit val vi alle har. Eg er nok einig i denne utsegna, berre eg får tenkt meg litt om, men med første tankespinn, tenker eg at trua ofte møter motstand i det vi ikkje forstår. Men der trua stopper, kan håpet ta over.

I det nye testamentet skriv Jakob: «Se det bare som en glede, søsken, når dere møter alle slags prøvelser. For dere vet at når troen blir prøvet, skaper det utholdenhet.»  –Jak. 1,2-3

Å sjå på alle slags vanskeligheter som ei glede, er ganske så fjernt for meg. For det er nærast umulig å, på eigen hand, finne meining i urett. Men håpet kjem ikkje frå oss sjølve, men vi strekker oss etter eit håp. «La oss holde urokkelig fast på håpet, for han som gav løftet, er trofast.» - Heb. 10,23

Om din dag i dag er fylt med optimisme og håp, er du hos Gud. Om din dag i dag er håplaus, er Gud hos deg.

Hos Gud er du uansett.  «Må håpets Gud fylle dere med all glede og fred i troen, så dere kan bli rik på håp ved Den hellige ånds kraft.» - Rom. 15,13

 

Tilbake