«Gløym ikkje å vera gjestfrie, for på den måten har somme hatt englar til gjester utan å vita det.»
Hebr. 13,2
For nokre veker sidan høyrde eg ein annan prest snakke om Jesus som ein skatt. Men i motsetting til ein sjørøvarskatt som skal haldast skjult, er formålet med «skatten» Jesus at han vert heldt synleg. Kvifor er det slik, lurer du kanskje på?
Vår oppgåve er ikkje å frelse menneske, vår oppgåve er å elske menneske. Det er berre Jesus som kan frelse, men han inviterer oss til å vere ein kanal for hans godheit og kjærleik.
Om du vil tru på dette eller ikkje, er ditt val. Det har eg ingenting med. Men det snakkast gjerne om tre ulike aspekt som er viktig for å komme til tru: Fornuft, kjensler og fellesskap (altså det sosiale). For nokon kan fornuft vere viktig, for andre er kjensler viktig, men for absolutt alle (trur eg) det sosiale er viktig.
Kyrkja kan vere eit fellesskap, men tru er ingen påkravd inngangsbillett. Eg tenker heller at kyrkja for mange kan vere ein veg til trua. Når det er sagt, er ikkje mitt mål som prest å omvende flest mulig til tru, men eg vil blant anna formidle Guds gode bodskap og gi folk relevante og «korrekte» opplysningar, slik at kvar enkelt kan gjere opp si eiga meining om kva det er verdt å tru på. Mitt i alt dette står fellesskapet.
Når ein står utanfor eit fellesskap, kan det opplevast sårt og vondt. Når verken venner eller familie er ein del av det kristne fellesskapet, kan det vere vanskelig å sjølv ville ta del i det.
«Gløym ikkje å vera gjestfrie, for på den måten har somme hatt englar til gjester utan å vita det.» Står det i brevet til Hebrearane. Eg meiner vi alle kan bli flinkare til å invitere andre inn i fellesskapet. Ikkje fordi alle nødvendigvis skal eller må komme til tru, men fordi fellesskapet er verdifullt i seg sjølv. I kyrkja er alle velkomne. Vi er mange som vil bli kjent med deg, og heier på deg! Du er sett, ønska og elska. Dette er skatten vi alle treng å minnast på.
Vetle Styve Sæbø, sokneprest