«For vi er hans verk, skapt i Kristus Jesus til gode gjerninger, som Gud på forhånd har lagt ferdige for at vi skulle vandre i dem» -Ef. 2, 10
Som liten, vaks eg opp i Ulsteinvik på Sunnmøre. No er det ein mellomstor by med ca. 7000 innbyggjarar, men då eg var liten var det ei bygd med snaue 4000 innbyggjarar. Inntrykket av at alle kjente alle var ganske etablert, ikkje ulikt slik det er her i Flå.
Ein kjem ikkje unna at dette fører med seg både noko godt og vondt. Bygda var på mange måtar som eit A4-ark. Utan ifrå vart det tidleg sett forventingar til korleis ein skulle vere. Jentene dansa ballett, og som gut skulle du spele fotball og vere med kompisar. Kven var eg på den tida, spør du kanskje? Eg, eg var annleis. Eg gjekk på turn, eg elska og danse, og eg hadde berre jente-venner. Når alle kjenne alle blir ein lagt merke til når ein ikkje er som alle andre. Eg passa ikkje inn i A4-formatet saman med alle andre, og mange likte å gjere eit nummer ut av det.
Som liten var det lett å gi etter for presset. Eg slutta med turn og begynte å spele fotball sjølv om eg ikkje likte det. Eg vart med gutane i klassen når dei leika «ring på stikka» eller sprengte postkasser med kinaputtar, sjølv om eg ikkje forstod poenget med det. Likevel vart eg fortsatt erta og mobba. Eg var lei, og ville ikkje la mobberane definere kven eg er. Eg lova meg sjølv å aldri bli som dei. Eg vil ikkje vere ein som trykker andre med. Eg vil vere ein som løfter andre opp. Fordi, som ein som sjølv har blitt trykt ned, veit eg kor mykje det betyr å bli løfta opp, og eg trur at det er mange som kan kjenne seg igjen.
Eg fant tilbake til den eg ville vere. Eg begynte å gjere det eg hadde lyst til, og etter kvart fant eg eit fellesskap i kyrkja. Der ein ikkje peika på A4-arket og sa: «ver slik.» Men heller krølla saman arket og ein fekk vere seg sjølv utan å bli dømt for det. I kyrkja fant eg mi heimebane og ein supporter-klubb som heia på meg. Fremst i denne supporter-klubben står Gud og jublar og heier høgst av alle. Det er ein enormt god følelse, og eg ønsker det same for deg. At du skal finne fellesskap som ikkje trykker deg ned, men løftar deg opp. «For vi er hans verk, skapt i Kristus Jesus til gode gjerningar.»
Vetle Styve Sæbø, Sokneprest i Flå