Prestens julehilsen


«Nå vandrer fra hver en verdens krok i ånden frem, i ånden frem et uoverskuelig pilgrims-tog mot Betlehem, mot Betlehem.»

Det nærmar seg jul, og mange gleder seg. Medan nokon kanskje er mest spent på kva som ligg under juletreet i år, er julehøgtida for mange ei tid for å vere saman med familien. I år går mine tankar til dei som sit einsame og aleine, og til dei som gruar seg til jul enten det er familieforhold som er utfordrande, eller det er første jula utan ein du er glad i, eller den lange lista med gjeremål før jul setter ein stopper for julestemninga.

 

Jula er ei tide der vi fort lar stress og mas få mykje fokus, for alt skal vere så perfekt. Tanken på alt som må gjerast, og den dårlige samvittigheita for alt som ikkje er gjort. For meg er dette noko som i det siste har tatt opp mykje av mitt fokus. Det kjennes ikkje akkurat ut som eg har god tid. Og eg har i alle fall ikkje tid til å ta pausar. Men det blir jul likevel.

 

«Se, barna går foran, glad i flokk, så kvinner og menn, så kvinner og menn. Selv skjelvende gamle tar sin stokk.» Men kvar skal vi hen? Kva er målet? For meg er det barnet i krybba, sjølvaste Jesus som er bakteppet for jula. Når ein gløymer stresset ein augneblink, kjem juleroa stadig meir og meir, og det har vi behov for.

 

«For alle har samme hjertetrang til julens fred, til julens fred.» Behovet for ein stressfri kvardag der roen og freden kan få fokus, vart lytta til: «Jeg vet hvilke tanker jeg har med dere, sier Herren. Fredstanker og ikke ulykkestanker. Jeg vil gi dere fremtid og håp.» -Jeremia 29,11.

 

Med ynskjer om ei god juletid til alle: Nåde vere med dykk, og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

Vetle Styve Sæbø

sokneprest

Tilbake