Prestens Penn v/soknepresten vår


«På det skal alle skjøna at de er mine læresveinar: at de har kjærleik til kvarandre.»

 

Det er ikkje sikkert du veit kven eg er. Eg heiter Vetle og er ny sokneprest her på Flå. I sommar flytta eg hit til denne vakre bygda i Hallingdal. Eg er nyutdanna og har gleda meg lenge til å starte på kvardagen som prest. Både å bli kjent med fastbuande og hytteturistar, og få vidareutvikle eit fellesskapsbyggjande arbeid og tilbod i lokalsamfunnet. Eg brenner for at alle menneske, uavhengig av kjønn, alder, hudfarge, legning osv. skal kunne føle seg sett. Og eg ynskjer at kyrkja i Flå og kyrkjefellesskapen skal vere ein fristad der alle kan føle seg akseptert og velkomne i alle livets fasar. Flå har raskt blitt ein stad der eg har fått moglegheit til å tenke nytt kring kva det vil seie å være kyrkje, og få utfolde meg i rolla som prest.

Å komme til ein ny stad er både spennande og overveldande på same tid. Å vere ny i ei bygd der alle kjenne alle er ikkje berre lett. Når det er sagt har eg blitt godt tatt imot, og eg har eit inntrykk av at eg er høgt ynskja, og at mange synest det er fint å få ein fast prest til bygda.

 

Som ny prest er eg opptatt av rolla eg har i lokalsamfunnet, og ovanfor folk eg møter. Det er nok mange (meg sjølv inkludert) som har eit inntrykk av at dei som møter presten, kjem med ein sak, eit spørsmål eller problem, for at eg kan komme med ei løysing. Men ofte er det ikkje det som er deira ynskje. Det er berre relasjonen, kontakten oss i mellom som er målet. Relasjonar er ikkje berre nødvendige for å løyse problem, men dei er verdifulle heilt i seg sjølv. Med fokus på relasjonar trur eg at vi lettare kan sjå dei rundt oss og vere til stades for og med kvarandre. Og midt opp i dette er Gud: «På det skal alle skjøna at de er mine læresveinar: at de har kjærleik til kvarandre.» - Joh. 13,35

Vetle Styve Sæbø

Tilbake